Jeanne d’Arc på Teaterfestivalen i Fjaler

Publisert: 09.09.2021

Dette står i programmet til Teaterfestivalen i Fjaler hvor Jeanne d’Arc vises søndag 12. september kl. 19.00 på Samvirket Scene:

“Framsyninga «Jeanne d’Arc», av og med skodespelar Juni Dahr, hadde urpremiere på The Wall and Boyd Theater Los Angeles i 1988, og har sidan blitt spelt i meir enn førti land til eineståande kritikkar. I norsk teatersamanheng har denne framsyninga legendestatus, på same måte som hovudpersonen har det i den katolske verda.

Det handlar om Jeanne d´Arc, ei ungjente som levde i Frankrike tidleg på 1400-talet. Ho kunne ikkje lese eller skrive, men då ho var tolv fekk ho ei stor, religiøs openberring. Jeanne d´Arc rakk å bli ein stor hærførar, før ho vart brent på bålet som heks og kjettar..

Vi er utruleg glade for å kunne presentere denne framsyninga på festivalen søndag kveld. Framsyninga vart i si tid skrive på engelsk, før ho vart gjendikta til nynorsk av Halldis Moren Vesaas.”