Einsemd, overleving og rå kvinnestyrke i Arktis

Publisert: 08.08.2020

Tekst publisert i Shakespearetidsskriftet 07/2020 skrevet av Line Nagell Ylvisåker

Spor av einsemd

(Svalbard): Einsemd, overleving og rå kvinnestyrke i Arktis er tema for Juni Dahrs siste produksjon. Etter alvorleg sjukdom måtte ho kjenne på alt dette sjølv.

Skia til scenekunstnar Juni Dahr glei over snøen mellom fjella like utanfor Longyearbyen. Ikkje eit hus i sikte. Berre fjell, snø og himmel. Nett då, i april 2012, som ein ørliten del av universet, byrja ho å tenke på dette: Kvinnene som oppsøkte Arktis 100 år tidlegare, dei som hadde levd og overlevd då dette is-landet låg mest som aude. Kven var dei og korleis klarte dei det?

«Jeg kjenner den mektige ensomheten omkring meg. Der finnes ingenting som ligner på meg, ingen jeg kan møte ansikt til ansikt og som kan bekrefte min eksistens. Jeg kjenner at jeg mister grensene for mitt vesen i denne overveldende, sterke naturen. Og for første gang aner jeg hvilken guddommelig gave et medmenneske er», skriv kunstnaren Christiane Ritter i boka «Kvinne i polarnatten». Ho overvintra med mannen sin heilt nord på Spitsbergen i 1934. Ritter er ei av fire kvinneskikkelsar Dahr gjekk under huda på i førestillinga Spor  Svalbard Movements som hadde urpremiere i kulturminnet Taubanesentralen i Longyearbyen i juni.

Då hadde Dahr vore sett ut av spel i eit år, alvorleg sjuk utan heilt å vite korleis ho ville kome ut i den andre enden.

– At eg sjølv vart så sårbar og redd gjorde nok at eg kunne gå enda djupare inn i korleis desse arktiske kvinnene hadde det. Eg levde sjølv så aleine i eit år, og så kom korona og sette resten av verda i same situasjon. Det gjorde prosjektet meir aktuelt og forsterka viktigheita av å få realisert det, seier Dahr.

Rett på sjukehus

Vegen fram til scenegolvet vart tøffare enn Dahr hadde førestilt seg.

Gjennom kjeldearbeid, stipend til kunstnaropphald i Longyearbyen i 2017 og 2018, besøk på den historiske fangststasjonen Fredheim og arbeidsøkter i over et år, byrja alt å ta form.

Svalbardprosjektet var tenkt som eit stort Nordisk scenekunstsamarbeid mellom Dahr, den islandske skodespelaren María Ellingsen, den eksperimenterande dansaren Reijo Kela frå Finnland, musikarar og Store Norske Mandskor frå Svalbard.

Under Longyearbyen litteraturfestival første helga i september 2019, skulle dei endeleg ta skikkelsane sine ut på scena. Men like før vart Dahr alvorleg sjuk. Etter lukkeleg å ha henta ut skinnlua til fangstkvinna Wanny Woldstad frå eit kostymelager, sykla ho rundt i sommarvarme gater i Oslo og prøvde å fortrenge at ho ikkje kjende seg heilt i form. Så med eitt låg ho i sjukesenga med fangstlua på hovudet og ein betennelse som herja inni.

Ho kunne ikkje vera med på førestillinga på Svalbard. Likevel sette ho seg på flyet, og krøka seg ut på scena under opninga av litteraturfestivalen med eit godt tak i armen til Ellingsen. Dagen etter spelte resten av gruppa ein versjon av stykket i Taubanesentralen, dei spelte ut hennar draum.

Ny mogelegheit

Kultursjefen i Longyearbyen gav Dahr ein ny mogelegheit til sjølv å ta dei historiske kvinneskikkelsane til scena. 10. juni 2020, dagen då Longyearbyen har bursdag.

Denne junikvelden i 2020 lyd eit skrik frå Taubanesentralen. Bygget står på lange pelebein like utanfor sentrum. Det er Ellen Nøis som skrik. Ho skal føde heilt aleine i ei lita fangsthytte, langt frå folk. Ingen kan høyre henne. Ungen vil ut. Ikkje noko kan stoppe denne prosessen. Mannen hennar, den legendariske fangstmannen Hilmar Nøis, reiste like før fødselen, slik han skal ha gjort før Ellen fødde deira første born. Nokon sa han reiste etter hjelp, andre seier det var for å drikke øl. 11. juni 1922 fødde Ellen sonen Johannes Kaps Nøis aleine.

Hilmar skreiv henne ut av dagbøkene sine. 40 år seinare døydde ho på eit mentalsjukehus i Bergen. Det gjekk mange rykte. Folk sa ho vart sinnsjuk, at ho ikkje tolde påkjenningane der i nord.

På golvet i Taubanesentralen står Ellen stolt med ein bylt i armane.

– Eg klarte det. Me overlevde begge to, seier ho.

Til no har alle snakka om Ellen. Gjennom Dahr får ho fortelle si historie og vise sin rå, men på same tid skjøre, kvinnestyrke.

Rekordfart etter corona

Produksjonen kom i gang i rekordfart. Først 1. juni vart corona-karantena for norske fritidsreisande oppheva på Svalbard. Denne gongen var det dei utanlandske kunstnarane som ikkje fekk vera med, ettersom karantenereglane framleis gjaldt dei. Dahr og resten av det norske teamet kasta seg rundt. Produsent Marianne Roland, dramaturg og medregissør Oda Radoor og musikarane gjorde ein stor innsats for å bli klare til 10. juni. Saman løfta dei fram produksjonen.

– Den gleda over at det gjekk som det gjekk, det er som eit mirakel. Eg har nok vore meir redd for at dette ikkje ville gå enn eg torde å tenke. For meg personleg var det kjempeviktig at ikkje alt berre vart satt på vent, utsatt og avlyst, utsatt og avlyst. Eg klarte det eg òg, seier Dahr.

Ho fortel at sjukdommen vart ei kunstnarisk kraft. At ho torde å stå på scena utan å vera heilt i balanse, var truleg med på gjera kvinnene ekstra skjøre og sterke på same tid. Kanskje vart skikkelsane meir ekte. Kvinnene ho spelte stod heile tida i ein form for risiko. Dei satsa på sitt tilvære i røffe omgjevnader, og Dahr kjende seg i slekt med dei, som om dei var veldig nære.

– Det sto mykje på spel for meg både kunstnarisk og personleg. Å klare å stå der, og klare å være i det når det skjedde, det var fantastisk. Eg handla, slik alle desse kvinnene òg handla. Det ser eg i mykje større grad no i ettertid enn eg gjorde då eg stod på scena, seier ho.

Magisk lokale

Då scenekunstnaren vitja det freda nedlagte gruvebygget Taubanesentralen første gong i 2018, såg ho med ein gong kvar Ellen skulle føde. Det var der mellom stålbjelkane midt i lokalet.

Som scenekunstnar søkjer ho etter ein spesifikk stad som kan være utgangspunkt for eit scenisk konsept og ein ny førestillingsarena. Jeanne d’Arc Visjon gjennom eld framfører ho hovudsakeleg i kyrkjer og gamle ruiner, Hedda Gabler vart utvikla for Sæterhytten på Bygdøy og har seinare blitt tilpassa handplukka, intime arena på store internasjonale festivalar og vunne fleire prisar. Gjennom Markens Grøde Låvetour har ho utforska låven som ny arena for Hamsuns rike tekstlege univers.

Taubanesentralen er rå og kald. Fleire stader er det opningar ut i friluft, der kibbane med kol gjekk gjennom i gamledagar på veg ut mot kaia.

Lyset frå dei store vindauga skulle ikkje blendast, og rommet ikkje skapast om. Alt skulle gå føre seg på Taubanesentralens premissar. Publikum med dunjakker, luer og hanskar. Gamalt kolstøv i lufta.

Dahr sto aleine på scena i nært og tett samspel med komponist og musikar Tore Brunborg på sax og Per Oddvar Johansens slagverk. Gjennom deira djupe, grunna musikk og Dahrs fysiske tolkingar og bruk av rommet, vart det skapt dramaturgi og kontrastar, sterke og vare augneblinkar.

– Eg likar å lage teater der folk ikkje trur det er mogeleg. Taubanesentralen er den ultimate scena. Det er eit magisk rom. Eg håper ikkje det blir for restaurert og tilgjengeleg i framtida, for eg vil gjerne skape meir der, seier Dahr.

No jobbar ho med ei vidareutvikling av Spor  Svalbard Movements, med førestillingar også på fastlandet. Først må ho berre finne det rette lokalet.

– Det er ikkje mogeleg å matche Taubanesentralen, men eg har fått mange gode forslag frå folk på andre røffe bygg, seier Dahr.

Truleg kan dei arktiske kvinneskikkelsane hennar også dra til Island og Finnland saman med det nordiske teamet, slik planen opphaveleg var.

– No kjenner eg på ei stor lette, glede og lyst til å gå vidare, seier Dahr.

(Publisert 18.07.2020)

Foto Elizabeth Bourne