Full klaff på Kvemmadokkje (Avisa Hordaland 11.06.2013)

Juni Dahr, fløytist Chris Poole, innleiar Elisabeth Aasen og arrangørane på Kvemmadokkje gjorde så til dei grader jobben sin i Ulvik laurdag kveld. Når då også naturen spelar med på nær magisk vis, blir det full klaff.(..) Når Juni Dahr kjem på scena, blir dei om lag 250 tilskodarane trekte inn i stykket frå fyrste stund. Dahr sjonglerer brilliant mellom å fortelja frå Jeanne d’Arc sitt liv, og å snakka som Jeanne. (..) Dahr nærast kallar på Jeanne heilt i byrjinga av teaterstykket. Og Jeanne svarar? Ei kjensle av mystikk oppstår iallfall når ein regnboge vert tydeleg i horisonten i den augneblinken Juni Dahr/Jeanne d’Arc vender seg mot himmelen. Les hele kritikken fra avisa Hordaland 11. juni 2013 av Terje Hjartnes del 1 og del 2.