Suksess for Markens grøde (ST-avisa 03.06. 2013)

Suksess for Markens grøde. Det var stappfull låve på Snefugl gård da Juni Dahr og Gard B. Eidsvold spelte den første av tre forestillingar med Markens Grøde fredag kveld. I eit fortetta og djupt menneskeleg drama vart bureisaren Isak Sellanrå og kona Inger med hareskåret levande for oss frå første stund. Mellom halm og strå, med pallar og plankar, sauebjøller og kubjøller, mana Gard B. Eidsvold og Juni Dahr fram det harde livet på Sellanrå frå Knut Hamsuns nobelprisbelønte roman. – Ingen taler om sine følelser på Sellanrå, heiter det i stykket, men sanneleg finst kjenslene i rikt monn under det tunge slitet. Dahr og Eidsvold klarer å fange essensen i Hamsuns store roman, det omskiftelege og sårbare hos Inger, og Isaks voldsomme kraft og unnselege trong for anerkjenning. Kjærleiken mellom dei to. Hamsuns tekst blir ytt rettferd trass i alt som ikkje er med – samtidig som dette er sterkt fysisk teater. Les hele kritikken i ST-avisa 3. juni 2013